Gjenstandene som identitetsbærere

Sølvkjede med hjerte

Fakta:
Denne gjenstanden fekk eg til jul av ei venninne i 1999.
Det er sølvfarga med eit hjarte på. Eg veit ikkje akkurat kor mykje det kosta, men eg trur det kosta rundt 100kr. Venninna mi kom med gava til meg lille julaften. Eg veit ikkje kor ho kjøpte den, i og med at det var ei gave spurde eg heller ikkje om det.

Grunnen til at denne gjenstanden er så spesiell for meg:
Eg fekk den av ei venninne som eg regna som bestevenninna mi. Det er mange som ikkje blir glade for ein slik presang, men venninna mi betyr så mykje for meg at eg hadde nok blitt glad for det meste. Sølvkjedet er det perfekte minnet frå venninna mi. Eg går alltid med kjedet,og da meiner eg alltid. Eg søv med det, dusjar med det og har det på meg kvar einaste dag.

Eg og venninna mi har alltid kunne prate om alt muleg, men så plutseleg ville ho ikkje prate med meg meir. Då eg spurde kva grunnen til at ho ikkje ville prate med meg meir var, ville ho ikkje svare.

Etter ei stund fekk eg til svar at eg hadde snakka dritt om henne bak hennes rygg (noko eg ikkje har gjort). Derfor er eg glad for at eg har fått ein presang som eg kan ha som minne. Vi var ikkje venar så altfor lenge, men vi blei veldig fort bestevenar og det kommer eg til å huske i lang tid framover.

                                                               

L :-)