Kaninen
Naboen min,
Selma, kjøpte
kaninen
til meg da ho var i Nederland for ca. 16 år sidan. Eg går ut i frå at
den er laga av bomull og polyester (det er ikkje nokon lapp på den).
Noko spesielt namn på den kan eg ikkje hugse at eg har hatt, den har
berre blitt “kaninen”.
Kaninen minner meg mest om Selma fordi ho er død no, alle stadene og
turane eg har vore med kaninen,
og kor knytt eg var til kaninen då eg var liten. Til dømes hadde eg den
med då eg drog til USA i ’93, utan foreldrene mine, og med berre
ukjente menneske. Heimlengselen blei mykje mindre når eg hadde den med
meg.
Eg kan heller ikkje fortelje deg kor mange gongar hovudet, armane, eller
beina har blitt sydd på kroppen. Kjolen til kaninen er også frykteleg
slitt. Den ”berømte” ”knappekjolen” designa og lagde eg sjølv
då eg var 12-13 år gammal. Den var ein gong blå med blomer på, nå er
den lyseblå med små kvite flekker.
Glasauga
har masse riper, og borrelåsen
bak er ikkje nokon ”lås” lengre. Det eine øret er også lengre enn
det andre. Eg veit ikkje om det alltid har vore sånn, eller om det er eg
som har dratt meir i det eine øret enn det andre. Men det gjer ikkje noko.
Det som er viktigast er at kaninen er det største minnet eg har om Selma.
Selma
var ei slags reservebestemor for meg heile den tida ho levde. Frå fyrste
til sjetteklasse var eg hos ho nesten kvar ettermiddag etter skulen. Eg
pleidde å få noko å ete og drikke, og så gjorde eg leksene mine.
Eg var hos Selma då eg fekk beskjed om at eg hadde vunne ein tur til USA
gjennom Politiet og Redd Barna for å feire Mikke Mus’ 65 års dag i
`93.
Eg fekk eit spesielt forhold til Selma, sjølv om eg ikkje
var i slekt med henne, og eg er veldig takknemleg for alle åra me hadde
saman.
Og
etter ein stor ”ferie” gøymd bort i ein boks, sitter no kaninen på
skrivebordshylla mi, og der kjem den til å sitje lenge.
M.M